Interessant radioklipp med økofilosofisk buddhist frå Budalen
15 juni, 2007
03 juni, 2007
Goodbye Australia! Hello Thailand!
Da er vaarens vakreste eventyr i Australia tilbakelagt. Det har vore ein fantastisk deilig ferie! Australia er eit nyydelig land paa veldig mange maatar: naturen, folket, kulturen og sjoelvsagt: klimaet. Brisbane er ein kurant by, men SYDNEY, ojojoj; DET er saker det! Ein fantastisk by! Open og deilig byplanlegging, passe mykje opp og ned i landskapet, artig arkitektur paa halvgamle hus som ein slags New Orleansifisert britisk-Viktoriansk stil. Hardcore central business district med skyskraparar som ein ekte storby. Men kanskje mest: naerleiken til naturen. Sydney er full av store deilige parkar (melloma anna ein der det er stappfullt av flygehundar -den stoerste flaggermusa)) og havet er svaert naervaerande og integrert. Ein liten baattur saa er du paa manly, ein liten tog/busstur saa er du paa Bondi; nyydelige strender utan eit tacky turistpreg.
Nok om det. No er eg i Bangkok. Her er det massemasse inntrykk og veldig eksotisk. Folk er svaert vennlige, og eg diggar den arketypiske Thaipersonen. I gaar tok eg ein stappfull baat oppover elva til omraadet rundt Grand Palace. Det var rett foer det vart moerkt og turen gjekk fraa eit hoeg-kommersielt stroek til eit omraade der eg ikkje saag ein einaste kvit mann paa fleire timar. Det viste seg at det var ein demonstrasjon der. Masse politifolk og politisk engasjerte folk. Veldig spesielt. Paa veg heimatt vart eg sitjande ved elva og vente paa baaten med ei handfull minimunkar. Smaagutar paa kanskje 6-8 aar med barbert hovudet, orange munkekappe og glimt i augo. Dei oppfoerte seg om lagg som guttungar flest. Fleire av dei knaska paa klisseste plastikksnop..
I dag skal eg moete Audun og dra nordover. Det blir ein kontrastfull overgang fraa ein konsentrert stimulifoss i ein av verdas travlaste byar, til eit ordlaust og asketisk tilvere i klosteret. Eg moeter det med skrekkblanda fryd!
16 mai, 2007
kjapp update
Australia er digg! Vi har vore paa tropiske oeyer, i urbane Brisbane og paa nokre av Australias beste surfestrender ved Coollangatta paa Gold Coast. Eg har ikkje hatt saa lite kontakt med internettet paa mange aar, saa oppdateringar blir dessverre ikkje frekvente.. Men dei som har meg paa facebook kan sjaa litt bileter der. Ellers er det 17 mai straks, og vi er invitert paa lunsj med ei veninne av ein som eg var paa leir med for 10 aar sidan som er her og studerer og som eg fekk kontakt med paa nytt av.. ja nettopp: facebook.. Men foerst tog. Marthe bur i alternative og kule og West End og der er det Delis av alle slag. Saa vi skal dit og kjoepe brunost seinare idag, jada det har dei!
No vart eg kasta vekk fraa pcen her, #catalogue only# (biblioteket)
24 april, 2007
Changi, sINGAPORE
Berre kjappt, staaande blant masse soete asiatar paa changi airport, Singapore. I natt sov eg bittelitt paa tretten timar i ein vanvittig svaer tjukkas av ein jumbojet som heiter British Airways. DEt var goey goey og litt slitsomt. EG var sikker paa at flyet snart maatte bli sliten av flytruren og legge seg nedpaa litt heile turen, men alt gjekk straalande. No skal eg straks paa ny flight til Brisbane, der Marthemi ventar. Jet-lag? Javisst! Men det er jo interessant!
Changi, sINGAPORE
Berre kjappt, staaande blant masse soete asiatar paa changi airport, Singapore. I natt sov eg bittelitt paa tretten timar i ein vanvittig svaer tjukkas av ein jumbojet som heiter British Airways. DEt var goey goey og litt slitsomt. EG var sikker paa at flyet snart maatte bli sliten av flytruren og legge seg nedpaa litt heile turen, men alt gjekk straalande. No skal eg straks paa ny flight til Brisbane, der Marthemi ventar. Jet-lag? Javisst! Men det er jo interessant!
16 april, 2007
Dagens Syndrom
Familial idiopathic bilateral early onset autosomal dominant carpal tunnel syndrome
Ti poeng til den som kan forklare heile eller delar av tilstanden.
15 april, 2007
Ferie
Da er eg ferdig med alt som stressar og pressar mest dette semesteret. Etter ein hektisk jobbeperiode med lange dagar og raske tankar er eg no ferdig med datainnsamling til hovedoppgåve, eg har sikra meg økonomisk t hausten og søvnforelesninga gjekk fint. Tilbake gjenstår berre å skrape ut siste pikkpakk frå skap og skuffer, vaske ned hybelen her på Karinelund; så skal eg prøve å skru ned litt.
Først ei veke på Godøya m 85-års feiring av kjære kjkære mormor. Dernest 30 timar i ein blikkboks før eg dehermetiserast på andre sida av jorda og rett i armane til kjære beste Marthemi. Det blir eit godt gjensyn.
Nokon som har tips til den lange flyturen? Eg har aldri prøvd noko slikt før..
Ein liten ting til: Eg er blitt fullstendig hekta på facebook. Som alle var eg skeptisk til enda eit sosialt, digitalt nettverk; men GOd Damn! det er jo så gøy å klikke seg fram til gamle kjende! Eg møtte t.d. Maria frå barneskulen som kunne informere om at eg var ein racer på å komme først i busskøa når vi skulle på skulen. Kven skulle trudd...